Saman om EIN god oppvekst for barn og unge i Sunnfjord

Sunnfjord kommune skal være ei trygg og god kommune å vekse opp i. Alle barn og unge skal trivast, oppleve god læring, utvikling og meistring. Førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling er då avgjerande.

Den nasjonale samhandlingsmodellen Betre tverrfagleg innsats (BTI) er eit rammeverk for Sunnfjord kommune sitt arbeid med å etablere ein felles struktur for oppdaging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling retta mot gravide, barn, unge og deira familiar.

Samhandlingsmodellen er lokalt tilpassa Sunnfjord kommune og byggjer på kommunen sin førebyggande plan, “Saman om EIN god oppvekst”.


Modellen er grunnmuren for det heilskaplege arbeidet rundt barn og unge. Den viser korleis heile kommunen, på tre ulike nivå, jobbar for å sikre at barn og unge i Sunnfjord får rett hjelp til rett tid:

  • Tilsette / Barn, unge og føresette
    Korleis tilsette skal oppdage og følgje opp barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte. BTI-rettleiaren viser trinn for trinn korleis du skal gå fram når barn og unge treng hjelp og/eller støtte – til handling, oppfølging og tverrfagleg samhandling.

  • Eining / Teneste
    Korleis kommunen sine tenester arbeider og samarbeider til barn og unge sitt beste.
    Oversikt tenester og tiltak for barn, unge og familiar (under utarbeiding).

  • Kommune
    Kva overordna planar, prioriteringar og rutiner Sunnfjord kommune har for arbeidet med førebygging/helsefremming, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling for barn, unge og familiar. “Saman om EIN oppvekst” Førebyggande plan for barn og unge 2024-2030.

Meir informasjon