Ei rekke lover, forskrifter og nasjonale retningslinjer regulerar og legg føringar for Sunnfjord kommune sitt tenestetilbod for barn og unge.
Sentrale lover, forskrifter og rundskriv
Sentrale lover
- Grunnlova § 104
Barn har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.
Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helse i sin eigen familie.
- Barnekonvensjonen – FNs konvensjon om barnets rettigheiter.
Ein internasjonal avtale om barns rettigheiter, også kalla barna si eiga grunnlov. Konvensjonen gir alle barn og unge under 18 år rett til å ha ein trygg og god oppvekst, uansett kven dei er og kvar dei bur. - Kommunelova – Lov om kommuner og fylkeskommuner
- Barnelova – Lov om barn og foreldre
- Helse- og omsorgstjenestelova – Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
- Folkehelselova – Lov om folkehelsearbeid
- Pasient- og brukerrettighetslova – Lov om pasient og brukarrettigheiter
- Helsepersonellova – Lov om helsepersonell m.v.
- Opplæringslova – Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa
- Barnehagelova – Lov om barnehagar
- Barnevernslova – Lov om barneverntjenester
- Personopplysningslova – Lov om behandling av personopplysningar
- Sosialtjenestelova – Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
- NAV-lova – Lov om arbeids- og velferdsforvaltinga
- Psykisk helsevernlova – Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern
- Forvaltningslova – Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
Forskrifter
Ei forskrift er ei rettsleg bindande regulering som må ha heimel i lov.
- Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
- Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgåver
- Forskrift til opplæringslova
- Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester
- Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator
- Forskrift om kommunenes plikt til å sørge for øyeblikkelig hjelp døgntilbud
Rundskriv
Eit rundskriv er orientering frå departementet om korleis ein skal tolke lover og forskrifter.
Nasjonal faglege retningslinjer
Tidleg oppdaging av utsette barn og unge
Nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging av utsette barn og unge skildrar korleis kommunen si leiing skal sikre at tilsette som arbeider med barn og unge har kunnskap om beskyttelsesfaktorar- og risikofaktorar, teikn og signal, slik at dei tidleg kan identifisere barn og unge lever i ein risikosituasjon.
Målet med retningslinja er å styrke oppdaging- og handlingskompetansen hjå leiarar og tilsette i kommunen slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging. Retningslinja har ein allmenn innfallsvinkel, slik at den vil ivareta alle barn og unge med mål om å nå utsette barn og unge.
Andre nasjonal faglege retningslinjer:
Rettleiarar
Ein rettleiar omtalar og beskriv eit fagområde på eit generelt og overordna nivå. Ein rettleiar kan innehalde ei eller fleire retningslinjer for handtering av spesifikk problematikk innan eit fagområde.
For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar vedtok Stortinget nye lovendringar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Endringane trådte i kraft 1. august 2022. Den nye nasjonale rettleiaren beskriv desse endringane, og blei publisert i september 2022. Føremålet med rettleiaren er å forklare dei nye føresegnene nærare, tydeleggjere ansvar og gje rettleiing på korleis ivareta desse pliktene. Målet er også at rettleiaren skal vere eit praktisk verktøy for implementering av dei nye eller endra føresegnene om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan.
Hensikta med den nasjonale rettleiaren er å gje anbefalingar om korleis eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn og unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling, kan oppnåast. Den er retta mot samarbeid på tvers av sektorar og nivå om barn og unges psykiske helse. Det er grenseoppgangar mellom denne rettleiaren og rettleiaren “Samarbeid om tjenester til barn, unge og deira familiar”, som omtaler velferdstenestene si plikt til samarbeid.
Andre sentrale rettleiarar:
- Taushetsplikt og opplysningsplikt
- Helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger(på høyring, frist 15.10.23)
- Rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator
- Barn og unge med habiliteringsbehov. Samarbeid mellom helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren om barn og unge som trenger samordnet bistand.
- Oppfølging av personer med store og sammensatte behov
- Pårørendeveileder
- Til barnets beste – samarbeid mellom barnehagen og barneverntjenesten
- Retningslinjer for samarbeid mellom barneverntjenesten og NAV-kontoret.
- Helsetjenester til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente
Sentrale kunnskapsrapportar, stortingsmeldingar, reformer og strategiar som legg føringar for den lokale innsatsen innanfor oppvekst
Kunnskapsrapportar
- Svikt og svik. Gjennomgang av saker hvor barn har vært utsatt for vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt (NOU)
Eit utval som har gjennomgått alvorlige saker der barn og ungdom har vore utsett for grov vold, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgssvikt. Føremålet har vore å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har skjedd svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av desse sakene, og gje anbefalingar som kan bidra til at framtidige tilfeller vert førebygga og forhindra. - Trøbbel i grenseflatene. Samordnet innsats for utsatte barn og unge (Fafo)
Korleis betre tverrsektorielt samarbeid og meir heilskapleg innsats overfor barn og unge kan fremjast. Rapporten er skrive på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og 0-24-samarbeidet. - Hvem skal jeg snakke med nå? Rapport om psykisk helsetilbud til barn og unge i kommunene (Barneombudet)
Får barn som slit med psykiske helseplager som engstelse, søvnproblem, sinne og lignande, god nok hjelp i kommunen? Kva skal til for at dei får god hjelp? Det har Barneombudet ønska å svare på i denne rapporten. - En psykisk helsetjeneste tilpasset barn og unges behov: Jeg skulle hatt BUP i en koffert (Barneombudet)
I denne rapporten har Barneombudet sett på utfordringar innan psykisk helsevern. Utfordringane dei finn dreiar seg både om vegen inn til BUP, om det som skjer når barnet/ungdommen er i behandling og om vegen ut av behandling. - Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (NOU 2015:2)
Vurdering/utgreiing om dei samla verkemidla for å skape eit godt psykisk skulemiljø, motverke og handtere mobbing og andre uønska hendingar i skulen. - Det å reise vasker øynene. Gjennomgang av 106 barnevernsaker (Helsetilsynet)
Rapporten Svikt og svik gav rystande informasjon om konsekvensane når vi som samfunn ikkje evner å gripe inn i tide og på rett måte for barn. I denne rapporten har Helsetilsynet gått igjennom barneverntenestene og fylkesnemndene sitt arbeid med 106 ulike barn frå heile landet. - Kunnskapsgrunnlag – Metoder for tidlig identifisering av risiko hos barn og unge (Hdir)
Helsedirektoratet ynskjer å samanfatte kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar som påverkar barn og unge sin oppvekst. Det gir eit kunnskapsgrunnlag for å forstå dei mekanismane som gjer at barn har det vanskeleg i ulike overgangar i livet.
Stortingsmeldingar
- Meld. St. 6. Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO
Regjeringa vil legge til rette for at kompetansen kjem tett på barna og elevane, bl.a. styrke det tverrfaglege samarbeidet og set i gang eit varig kompetanseløft på det spesialpedagogiske feltet for tilsette i barnehagar, skular og PPT. - Meld. St. 23 (2022-2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023-2033)
Regjeringa sin innsats for heile det psykiske helsefeltet. Helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov. - Meld. St. 25 (2020-2021) Likeverdsreformen – Et samfunn med bruk for alle
Målet med Likeverdsreforma er at barn og familiar med barn som har behov for samansette tenester, skal oppleve eit samfunn som stiller opp og som gir alle moglegheit til personleg utvikling, deltaking og livsutfolding. - Meld St. 19 (2018-2019) Folkehelsemeldinga – Gode liv i eit trygt samfunn
Regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle eit effektivt, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. ein viktig del av dette er å skape eit trygt samfunn og fremje helsevennlege val. Særleg på nokre område ynskjer regjeringa å forsterke innsatsen. Det gjeld områda tidleg innsats for barn og unge, førebygging av einsemd og mindre sosial ulikskap i helse. - Prop 36 S (2023-2024). Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024-2028). Trygghet for alle.
Proposisjonen gir ei oversikt over hovedutfordringar og tiltak for å førebygge og bekjempe valden. Planen inneheld tiltak for å førebygge og avdekke vald og overgrep i større grad, gje betre oppfølging til valdsutsette, auke kompetansen, styrke samarbeidet mellom tenester og sektorar samt legge til rette for at vald og overgrep prioriterast høgre i heile straffekjeda. Stortinget har ferdigbehandla saken (april 2024) og gir sin tilslutning til at opptrappingsplanen vert gjennomført.
Sentrale reformer / strategiar
- Barnevernreform = Oppvekstreform
Reforma skal bidra til å styrke det førebyggande arbeidet og tidleg innsats. Måla i reforma blir kun oppnådd gjennom endringar i heile oppvekstsektoren. Derfor blir barnevernreforma i tillegg omtalt som ei oppvekstreform. - Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Kompetanseløftet skal vere eit varig kompetanseløft på det spesialpedagogiske feltet. Det skal bidra til at alle kommunar og fylkeskommunar har tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane for å kunne førebygge, fange opp og gje eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskilt tilrettelegging. - Trygge barn – Trygge foreldre. Regjeringens strategi for foreldrestøtte 2018-2021 (BLD)
For regjeringa er det viktig at alle foreldre som treng det, får god informasjon og riktig hjelp. Kommunane er ansvarleg for dei fleste tenestene foreldre møter. - Tillitsreformen
Samfunnsmålet for reforma er at innbyggjarane i heile landet skal få offentlege tenester med bedre kvalitet og til rett tid. Reforma vil derfor bidra til ei offentleg forvaltning som er godt rusta til å møte framtidige utfordringar, særleg i kriser og strammare budsjett. På den måten skal ein oppretthalde innbyggjarane sin høge forventningar til offentleg sektor.