Tilbake

Kommunale føringar

Kommunale styringsdokument legg føringar for kommunen sine tenester. Kommunen sine planar vert basert på regionale og lokale forhold, men vert styrt av statlege føringar.

Kommuneplanen

Kommuneplanen er eit overordna styringsdokument for Sunnfjord kommune. Den har derfor påverknad på arbeidet med barn og unge. Den peikar ut retninga for kommunen som samfunnsplanleggar, utviklar og tenesteprodusent. Kommuneplanen er todelt:

  • Arealdelen legg føringar for bruken av areala i heile kommunen.
  • Samfunnsdelen fortel korleis kommunen skal løyse dei viktigaste oppgåvene, moglegheitene og utfordringane i eit langsiktig perspektiv. Desse strategiske vala legg føringar for utvikling i kommunen i åra framover.

Budsjett og økonomiplan

Budsjett og økonomiplan inneheld kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan, samt måla kommunen skal arbeide mot over ein fireårsperiode. Informasjon og oversikt finn du på kommunen si heimeside: budsjett og økonomiplan.

Temaplanar

Ein temaplan er ein administrativ plan om eit spesifikt tema eller fagområde. Temaplanen skal bygge vidare på mål og strategiar i kommuneplanen. Ein strategi viser retning og ønskt utvikling. Oversikt over temaplanar og strategiar i Sunnfjord kommune finn du på kommunen si heimeside: Temaplanar og strategiar.

Sentrale temaplanar i innsatsen for barn og unge:

  • “Saman om EIN god oppvekst” – Førebyggande plan for barn og unge 2024-2030
    «Saman om EIN god oppvekst» er kommunen sin førebyggande plan for barn og unge, og blei vedteke i kommunestyret juni 2024. Den presenterer kommunen sine helsefremmande og førebyggande tiltak ovanfor gravide, barn og unge og deira familiar. Denne digitale samhandlingsmodellen byggjer på planen, og vil vere eit levande verktøy i kommunen sitt arbeid med førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling. Samhandlingsmodellen blir oppdatert i tråd med teneste- og samfunnsutvikling.
  • Plan for kultur, frivilligheit og inkludering i Sunnfjord kommune 2024-2030
    For å ta i vare målsettingar i førebyggande plan for barn og unge 2024-2030, er det viktig at tiltak i denne temaplanen blir sett i verk og  fulgt opp.
  • Handlingsplan – av ungdom for ungdom 2024-2028
    Planen skal synleggjere ungdomsrådet sine prioriteringar ovanfor dei folkevalde og kommunedirektøren.
  • Folkehelsestrategi
    Er under arbeid.
  • Plan for bruk av skulane i Sunnfjord kommune
    Planen skal gi ei retning i planarbeidet for dei neste 10-15 åra. Skulestrukturen må vere tilpassa utviklinginga i demografi og endringar i elevtalet. Målet er ein fagleg sterk skule med høg kvalitet, eit likeverdig fagleg tilbod og berekraftig økonomi.
  • Plan for bruk av barnehagane i Sunnfjord kommune
    Det vert arbeidd med ein framtidig struktur av barnehagane i kommunen.
  • Strategi mot barnefattigdom
    Er under arbeid.
  • Ruspolitisk handlingsplan 
    Tidleg innsats og meir tilgjengelege tenester for barn og unge er mellom anna eit av satsingsområda for Sunnfjord kommune sin politikk.
  • Trafikktryggleiksplan
    Trafikktryggleiksplanen omtalar mellom anna at barnehage- og skulevegar skal vere trygge for gåande og syklande, samt etablering av “Hjartesone” rundt alle barneskulane i Sunnfjord kommune.
  • Studentmelding 2023-2026
    Sunnfjord kommune har lenge vore vertskommune for høgare utdanning, men har ikkje utforma ein politikk på korleis vi skal ivareta vertskapsrolla. Kommunen tek vertskapsrolla på alvor og ynskjer å bidra aktivt til å utvikle Førde som studentby. Det er difor for første gong utarbeidd ei Studentmelding som fastset mål og tiltak for utviklinga av Førde som studentby.

Andre kommunale styringsdokument

Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggande Tiltak (SLT)
SLT skal sikre at dei ressursane som alt fins hjå kommunen og politiet, blir meir samkøyrt og målretta. Arbeidet er forankra politisk og administrativt gjennom politirådet.
SLT plan for Sunnfjord kommune

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 
Planen er utarbeidd av tidlegare Førde kommune. Planen skal reviderast.
Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2018-2020

Årleg tilstandsrapport om barnevernet i Sunnfjord kommune 
Alle kommunar har ansvar for å legge fram ein tilstandsrapport til kommunestyret kvart år (jf. bvl. 15-3 femte ledd). Føremålet er å gje kommunestyret betre innsikt i tilstand, utvikling og viktige problemstillingar i barnevernet. Tilstandsrapporten er meint å bidra til auka bevisstheit i kommunen om kva som fungera godt og mindre godt. Målet med rapporten er også å bidra til meir åpenheit og innsikt i barnevernet sitt arbeid.

  • (lenke)