Sunnfjord kommune har samarbeidsavtalar med følgjande eksterne verksemder som regulerar det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge.
Avtale om BTI - Betre Tverrfagleg Innsats
Sunnfjord kommune har signert avtale med KoRus Vest Bergen om samarbeid kring BTI.
Gjennom BTI-avtalen forpliktar Sunnfjord kommune seg til å organisere BTI-arbeidet med prosjektleiar og pådrivargrupper, og forankre arbeidet på alle nivå i dei aktuelle tenestene.
KoRus er ansvarleg for å drifte det regionale BTI-arbeidet.
Avtale om TIBIR - Tidleg innsats for barn i risiko
Sunnfjord er ei TIBIR-kommune.
TIBIR er eit program for førebygging og behandling av åtferdsproblem hjå barn tilpassa det kommunale tenestenivået. Les meir om TIBIR her.
Kommunen har inngått ei intensjonsavtale med Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) i region vest. Intensjonsavtalen skal bidra til å tydeleggjere forventningane som partane har til samarbeidet om å auke kunnskapen og kompetansen i arbeidet med åtferdsproblem blant barn og unge i kommunen.
Korleis vi løyser dette i vår kommune, kan du lese under kompetanse på nivået “Eining/Teneste”.
Interkommunal barnevernvakt
Sunnfjord barnevern er med i eit interkommunalt samarbeid om barnevernvakt mellom kommunane Bremanger, Kinn, Hafs og Sunnfjord. Sunnfjord er vertskommune og kommunane har i fellesskap laga rutinar for arbeidet.
Ordninga sikrar at barn som treng hjelp også kan få det utanom kontortid. Kommunane vekslar på å ha personar på vakt i ordninga gjennom heile året.
Helse Førde
Førde BUP
Habilitering barn og unge
Nok.
Tilbyr undervisning i skuleklassar m.a.