Tenesteområda for barn og unge i Sunnfjord kommune har tverrsektorielle møtepunkt der barn, unge og deira familiar står i fokus.
For å gjere kommunen rusta til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng, er det viktig med god tverrsektoriell samhandling på eit overordna nivå. Her vert arbeidet med tidleg innsats, førebyggande arbeid og tverrfagleg samhandling forankra.
Sunnfjord kommune har fleire faste møtepunkt mellom politisk og administrativ leiing, og mellom einingsleiarane i kommunen.
Forum for oppvekst
Forum for oppvekst skal sikre eit tverrsektorielt fora for sektorar som jobbar med barn og unge, og skal bidra til
- forankring av arbeidet med tidleg innsats, førebyggande arbeid og tverrfagleg samhandling
- forankring av ei heilskapleg retning i kommunen sitt tverrfaglege arbeid, og at det tverrfaglege arbeidet vert prioritert blant alle tenester som jobbar med barn og unge i Sunnfjord kommune
Forum for oppvekst skal være eit styringsverktøy for kommunalsjefar med ansvarsområde innanfor barn og unge. Det skal bidra til samhandling, kunnskapsdeling, bygge felles verdiar, forventningar og forståing av korleis ein skal løyse oppgåver på tvers i Sunnfjord kommune.
Faste deltakarar er kommunalsjefar for skule, barnehage, helse og sosial, kultur og idrett, rådgjevarar helse og oppvekst, folkehelse og plan, flyktningekoordinator, prosjektleiar skulefråvær, einingsleiar fagutvikling og samordningskoordinator barn og unge. Ved behov deltek kommuneoverlege.
Forum for oppvekst har møte ein gong i månaden, og har mellom anna i oppgåve å
- prioritere og samordne satsingsområde på grunnlag av styringsdata, rapportering frå einingane / sektorar / tverrfaglege fora.
- vere ein arena for forankring av eksempelvis kompetanseheving, tverrfaglege fagdagar, e.l.
- avklare kven som skal følgje opp eventuelle saker, delegere ansvar
Sektormøter
Einingsleiarar i dei ulike sektorane og ansvarleg kommunalsjef innanfor sitt tenesteområde har sektorvise møter.
Ansvar: kommunalsjef barnehage, skule, helse og sosial, kultur og idrett.
- Tenesteutvikling, tverrfagleg samhandling, felles faglege utfordringar, avklaringar sektorvis, status
Samordna Lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande Tiltak (SLT)
SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som alt finst hjå kommunen og politiet, blir meir samkøyrt og målretta. Arbeidet er forankra politisk og administrativt gjennom politirådet.
Målet er at barn og unge i Sunnfjord kommune skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. Modellen skal sørge for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar. Også næringsliv og frivillige organisasjonar høyrer med i dette nettverket.
Ungdomsråd og elevråd ved kommunen sine ungdomsskular og vidaregåande skular blir orientert om SLT arbeidet, og får høve til å komme med innspel.
Fortløpande evaluering av arbeidet blir gjort av dei ulike nivåa i SLT- modellen. SLT-arbeidet skal samordne og koordinere dei ulike tiltaka og bidra til kunnskapsutvikling, kunnskapsoverføring og informasjon.
Les meir om organisering av SLT her: SLT plan for Sunnfjord kommune.