Kvalitetssystemet skal sørge for at vedtekne prosedyrar blir følgt, og at lovpålagde og planlagde oppgåver blir gjennomført. I kvalitetsystemet kan tilsette finne rutinar og prosedyrar, melde avvik og komme med forslag til forbetringar.
Sunnfjord kommune brukar kvalitetssystemet Rettesnora.
Internkontroll
Sunnfjord kommune skal sikre at tenestene til barn og unge er forsvarlege og har god kvalitet. Kommunen har ansvar for å gjennomføre internkontroll. Det vil seie å kontrollere at arbeidet følgjer gjeldande lover og reglar, og at det følgjer våre eigne vedtak, målsettingar, rutinar og prosedyrar. Kvalitet- og avvikssystemet er eit verktøy for internkontroll.
Sunnfjord kommune har vedteke at alle tilsette som jobbar med barn og unge skal jobbe etter BTI-modellen. Kvalitetssystemet blir dermed eit viktig verktøy. Det skal være samsvar mellom BTI-modellen og rutinar, prosedyrar og praksis. Tilsette er velkomne til å komme med forslag til forbetringar gjennom kvalitetssystemet. Ved avvik skal ein melde frå via avvikssystemet. Det vil vere viktig å arbeide med å styrke kulturen for at tilsette melder avvik og seier frå om kva som kan bli betre.
Meldingar frå innbyggjarar
Kvalitet- og avvikssystemet er for tilsette. Innspel og tilbakemeldingar frå innbyggjarar er likevel avgjerande for å forbetre og kvalitetssikre tenestetilbodet til barn og unge.
Derfor vil Sunnfjord arbeide systematisk med medverknad.
Som innbyggjar kan du sende tilbakemelding gjennom e-dialog (sikker post og brev elektronisk). Vi tek gjerne i mot forslag til tiltak, varslingar om feil og anna som kan gjere tenestene for barn og unge i Sunnfjord betre. Merk gjerne meldinga med BTI.
Tilsyn og forvaltningsrevisjon
Arbeidet med å sikre rett praksis skjer også gjennom tilsyn og forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk, og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Sunnfjord kommune er det ofte Statsforvaltaren i Vestland som utfører tilsynet, men det kan også vere Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnadar, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert følgt.