Sunnfjord kommune har rutinar og verktøy for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar som gjeld for dei enkelte tenestene.
Felles for alle tilsette som jobbar med barn og unge:
Felles rutine og verktøy for alle tilsette knytt til oppdaging, iverksetting av tiltak, oppfølging og tverrfagleg samhandling. Når det gjeld organisering av samarbeid på systemnivå mellom kommunale tenester innad i kommunen er det meir naturleg at strukturane for samarbeid og innhaldet i samarbeidet følgjer av kommunen sine planar og retningslinjer, enn av avtalar mellom dei ulike tenestene. Eksempel på slik samarbeidsstruktur er samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).
Alle som får ansvar for å vere koordinator, har dette som ein del av jobben, på lik linje med fagspesifikke oppgåver. Utfordringa er ofte å vite kva som vert forventa av deg i rolla som koordinator og korleis du skal utføre den. Det er utarbeidd ei handbok for koordinatorar som skal vere til støtte og hjelp når ein får tildelt koordinatoransvar for eit barn/ungdom.
For å sikre godt samarbeid og god samordning av tenester for barn og unge brukar Sunnfjord kommune ei felles elektronisk samhandlingsplattform, Visma Flyt Samspill. Flyt Samspill er eit samhandlingsverktøy for både stafettlogg og individuell plan. Helse Førde er gjennom ei samarbeidsrutine med kommunen forplikta til å delta som plandeltaker i Samspill på individnivå.
- Ler meir om Visma Flyt Samspill under samhandling på individnivå.
- Visma Flyt Samspill (innlogging)
Skulemiljø og skulefråvær
I skulen er vi avhengig av gode rutinar for å følgje opp pliktene i opplæringslova og andre aktuelle lovverk. Vårt fremste mål er å skape ein trygg og positiv læringsarena, der vi jobbar systematisk med å redusere krenkingar og aukar trivselen blant elevane. I arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø for elevane, har vi rutinar på korleis vi følgjer med, grip inn, varslar og undersøker, dersom det er mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt. Vi har også rutinar på korleis ein saman med eleven og føresette lagar ein aktivitetsplan, og evaluerer denne.
Ut over rutineverket knyt til skulemiljøet har sektoren fleire rutinar som sikrar høg pedagogisk kvalitet, mellom anna inn mot tilpassa opplæring og tidleg innsats. Gjennom kommunens prosjekt for å redusere ufrivillig fråvær i skulen har vi òg utvikla rutine for kartlegging og oppfølging av elevar i risikogruppa.
Les meir om korleis Sunnfjord jobbar med skulemiljø og skulefråvær.
Barnehagemiljø
Alle barnehagebarn skal oppleve eit trygt og inkluderande barnehagemiljø. Vi skal vere engasjert, inkluderande og nær i vårt arbeid med å skape gode miljø og førebygge krenking. Om barn opplever krenking skal vi kartlegge og setje i verk tiltak. Det skal vere nulltoleranse for krenkingar.
Les meir om korleis Sunnfjord kommune jobbar med barnehagemiljø.
Helse
Svangerskapsomsorga
Sunnfjord helsestasjon 0-5
Skulehelsetenesta
Overgangar
Les meir om korleis Sunnfjord kommune jobbar med overgang mellom barnehage til skule. Eit sentralt verktøy i arbeidet med å sikre ein trygg overgang er Frode Laks.