Tilbake

Tverrfagleg samhandling

Offentlege instansar og andre tenesteytarar skal samhandle dersom samarbeid er nødvendig for å gje barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir også betre på å koordinere innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.

BTI er både ein struktur og ei rutine for samhandling og samordning av tenester.

Strukturar og rutiner er nødvendig for å legge til rette for godt samarbeid i enkeltsaker. Rutiner med verkeområde på tvers av sektorar og verksemder kan bidra til felles forståing og praksis om felles ansvar.

Leiarar har eit særleg hovedansvar for å sikre rutiner som bidreg til godt samarbeid og samhandling.

"Laget rundt barnet"

Alle tenester har ulike oppgåver og ansvar inn mot barn, ungdom og familiar.

I Sunnfjord kommune har vi eit ansvar for å samordne tenestene slik at vi gir eit godt og heilskapleg tilbod når det er behov for det.

Fleire av utfordringane kan ofte ikkje løysast kvar for seg, men krev ein tidleg, samtidig og samordna innsats frå ulike sektorar, forvaltingsnivå, tenester og profesjonar. “Laget rundt barnet” skal sikre at barn og unge får hjelpa dei treng, til rett tid.

Samarbeid og samordning av tenester

Frå 1.august 2022 gjeld dei nye lovendringane i 14 ulike lovverk, om samarbeid, samordning og barnekoordinator. Den nasjonale rettleiaren “Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier” (2022), forklarar og beskriv lovendringane som er relevante for samarbeid på tvers av tenester.

Samordna tenester handlar om å betre samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (skule, barnehage, helsestasjon) og hjelpetenester (eks. PPT, barnevern, skulehelseteneste, psykisk helseteam barn og unge) i fellesskap skal hjelpe barn/ungdom/familie gjennom utfordringar.

Les meir om konkrete rutiner for samhandling på ulike nivå i BTI-rettleiaren under Tilsette / Barn og unge.

Sunnfjord kommune har utarbeidd ein rettleiar for samarbeid og samordning av tenester(link) rundt barn og unge i Sunnfjord kommune. Den kan nyttast som informasjons- og opplæringsmateriell til tilsette i einingane.

Tverrfaglege møtearenaer

I Sunnfjord kommune er det etablert ulike arena for samarbeid og samhandling internt og på tvers av tenester.

Teamstrukturen skal fremje tidleg innsats, godt samarbeid, samordning av tiltak og er tett knytt opp til nivåa i BTI-rettleiaren.

Ressursteam

I Sunnfjord kommune skal kvar skule og barnehage ha sitt eige ressursteam. Teamet er etablert på nivå 0 og 1 i BTI-rettleiaren, det vil sei at innsatsen skjer innanfor eiga eining.

Oppgåva til teamet er å hjelpe tilsette når dei oppdagar eit barn som treng hjelp og oppfølging. Ressursteamet skal sikre tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid (“Laget rundt barnet”).

Faste deltakarar i ressursteam

  • for barnehage er leiing, spesialpedagog, pedagogisk leiar, PPT
  • for skule er leiing, SFO-leiar, spesialpedagogisk ansvarleg, sosialleiar, rådgjevar, skulehelsetenesta, PPT

Ved behov kan ressursteamet i barnehage/skule invitere andre kommunale hjelpetenester (t.d. avd. Barn, unge og familiestøtte, barnevern, NAV) til å delta i ressursteam.

Møte i ressursteam vert halde regelmessig på skule og barnehage med ein hyppigheit som samsvarar med størrelsen på eininga.

  • Dersom ressursteam/eininga ikkje klarar å løyse utfordringane i samarbeid med føresette, vert saka meldt opp der det er føremålstenleg (eks: PPT, helsetenester, spesialisthelsetenesta, barnevern, koordinerande eining).
  • Dersom eininga er usikre på kva som er vegen vidare og har behov for ei tverrfagleg vurdering av hjelpebehovet til barnet/ungdommen, kan ein melde opp saka til drøfting/konsultasjon i kommunen sitt tverrfaglege team.

Sjå Handbok for tidleg innsats, tilpassa opplæring og spesialpedagogikk for meir informasjon om ressursteam.

Tverrfagleg team

Tverrfagleg team er eit tverrfagleg konsultasjons- og rettleiingsteam som kan nyttast av skule, barnehage og andre kommunale tenester som jobbar med barn og unge.

Oppgåva til teamet er å støtte lokale ressursteam / einingar i enkeltsaker dei er usikre på kva vegen vidare bør være. Målet er at eininga / stafetthaldar, skal få råd og rettleiing i korleis barnet, ungdommen eller familien skal få best mogleg hjelp. Les meir om struktur og gjennomføring av rettleiing i tverrfagleg team.

Tverrfagleg team er etablert på nivå 2 og nivå 3 i BTI-rettleiaren. Det betyr at eininga (den som er nærast barnet) skal ha arbeidd på nivå 0 og 1 med tiltak over ei periode i samarbeid med barnet/ungdommen/familien og eventuelle samarbeidspartar.

Det er etablert tverrfaglege team for aldersgruppene 0-6 år og 6-16 år. Teama er satt saman av fagfolk med ulik kompetanse frå oppvekst og helse i kommunen og spesialisthelsetenesta (BUP). Medlemmane har teieplikt.

Kvart team har fire møter i året. Det blir utarbeida ein årleg møteplan for kvart barnehage- og skuleår.

Det er utarbeidd eit digitalt skjema for å melde sak til tverrfagleg team. Fagutvikling ved samordningskoordinator for barn og unge har ansvar for koordinering og møteleiing.

Koordinerande team for barn og unge

Kommunen skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabiliteringsverksemd, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 7-3.

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til individuell plan (IP) og personleg koordinator eller barnekoordinator. Det er tildelingseininga som behandlar søknadar om individuell plan og har vedtaksmynde.

Koordinerande eining skal ha eit overordna ansvar for arbeid med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator og barnekoordinator. I Sunnfjord kommune er koordinerande eining organisert i to team, eit for barn og unge (0-21 år) og eit for vaksne (22 år og eldre). Fagutvikling har det overordna ansvaret for begge teama.

Koordinerande team for barn og unge har månadlege møte og er tverrfagleg samansett av representantar frå tildeling, helsestasjon, legetenesta, PPT, fysio- og ergoterapi, bu- og avlasting, barnevern og fagutvikling.

nivå 3 i BTI-rettleiaren skal einingar vurdere om barnet / ungdommen har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og rett til å få utarbeidd individuell plan.

Tverrsektorielle møteplassar

Deling av kunnskap føreset at leiarar legg til rette for at tilsette har felles møteplassar. Tverrsektorielle møter der tilsette kan dele erfaringar og kunnskap kan bidra til at tilsette byggjer felles kompetanse og forståing. Dette kan ha positiv effekt i form av å styrke kollegafellesskap og styrka kvalitet i tenesteytinga.

I Sunnfjord kommune gjer vi dette gjennom

  • fagdagar på tvers av sektorar for felles kompetanseheving, deling av kunnskap, informasjon om korleis tenestene jobbar for å auke kjennskapen til kvarandre sine tenesteområder og kven som jobbar der