Tilbake

Medverknad

I Sunnfjord kommune skal barn, unge og føresette har reell medverknad. Barn og unge har ein lovfesta rett til å medverke, og kommunen og tenestene har ei lovfesta plikt til å involvere den det gjeld.

Medverknad gjeld både retten til å delta aktivt i val som gjeld eiga helse og oppfølging, og retten til å medverke i utforminga av tenestetilbodet.

Medverknad og involvering av barn, unge og føresette er ein viktig del av BTI-satsinga. På teneste/einingsnivå betyr medverknad at barn, unge og føresette er med på å påverke og utforme tenestetilbodet. Det er fleire ordningar som skal sikre medverknad, slik som elevråd, ungdomsråd og foreldreråd.

Hjelpetenestene kan gjennomføre brukarundersøkingar og bruke erfaringskonsulentar i prosjekt og utvikling av tilbod. Medverknad på tenestenenivå handlar også om at den enkelte tilsett er forplikta til å lytte til og fange opp innspel frå barn, unge og føresette som kan bidra til eit betre tenestetilbod.

Viktige arena for medverknad:

  • Elevråd i skulen
  • Foreldreutval FAU
  • Samarbeidsutval
  • Foreldremøte
  • Ungdomsråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonevne

Systematiske undersøkingar for gjere barnehage, skule og situasjonen for barn og unge betre:

  • Elevundersøkinga
  • Foreldreundersøking i skule og barnehage?
  • Ungdata

Barn og unge sin rett til medverknad

Barn sin rett til medverknad handlar om å ta dei på alvor. Retten er nedfelt i Barnekonvensjonen § 12 og i Noregs grunnlov § 104. Medverknad tyder i praksis å kunne vere med på å påverke innhaldet i eigen livssituasjon, bli sett, høyrt og lytta til, og ha høve til å velje og påverke eigen kvardag.

Alle barn har rett til å bli høyrt i alt som handlar om dei. Det betyr at barn mellom 0 og 18 år har rett til å uttale seg om det som dei er og blir involverte i. Retten deira til å seie si meining gjeld i heimen, i barnehagen, på skulen, i kommunen og på fritida.

Retten til å bli høyrt betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta og uttale seg når noko skal bestemmast.

Nyttige lenkjer:

♦ Barn og unge og medverknad – rettleiar (Bufdir)
♦ Handbok for medverknad (Barneombudet)