Evaluering er ei systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagt, pågåande eller avslutta aktivitet. Evalueringar kan gjennomførast før eit tiltak vert iverksett, undervegs i gjennomføringa, eller etter at tiltaket er avslutta. Evaluering er viktig for læring, forbetring og utvikling.
Evaluering er eit viktig element i å bli betre på å oppdage, følgje opp og samarbeide om tenester til barn og unge. Både tilsette og innbyggjarar har ei viktig rolle i evalueringa.
Vi har følgjande system for evaluering:
- Rettesnora – avvik og forbetringsforslag frå tilsette
- Systematisk arbeid med evaluering gjennom BTI-rettleiaren
- Tverrfaglege møter mellom einingane i kommunen
- Brukarundersøkingar
- Kompetanseplanar i tenestene
- Risikovurderingar
- Personalmøter
Systematisk evaluering i tenestene gjennom BTI-rettleiaren
Gjennom BTI-rettleiaren vil evaluering bli ein fast del av arbeidsoppgåvene i tenestene. Evaluering av tiltak i samarbeid med barn/ungdom og føresette er eit sentralt steg i BTI-rettleiaren:
Brukarundersøkingar
Brukarundersøkingar er eit viktig ledd i evalueringsarbeidet i Sunnfjord kommune.
Systematiske undersøkingar:
- Ungdata undersøkinga
- Elevundersøkinga (Udir)
- Foreldreundersøking i skule og barnehage??