Barn, ungdom og familiar i Sunnfjord kommune skal oppleve eit godt tenestetilbod. For å få til dette må vi kontinuerleg utvikle og evaluere, og eventuelt justere dei tiltaka og tilboda som tenestene gir.
Evaluering på individnivå handlar om å evaluere oppfølginga det enkelte barn, ungdom og familie får, og skjer på ulike arenaer:
- Utviklingssamtalar: lærar – elev – føresett
- Foreldresamtale i barnehagen
- Elevråd
- BTI-rettleiar: Faste evalueringsmøter/samarbeidsmøter barn, unge og føresette på nivå 1, nivå 2 og nivå 3
- Ansvarsgruppemøter (barn/unge med individuell plan og koordinator)
Evaluering BTI-rettleiar
Evaluering er eit viktig trinn i BTI-rettleiaren på nivå 1, nivå 2 og nivå 3. BTI-rettleiaren har eit sterkt fokus på medverknad frå barnet/ungdommen og føresette. Gjennom rettleiaren er barn/ungdom/føresette delaktige i prosessane, og sjølvsagt også i evalueringsarbeidet. I BTI-rettleiaren blir det drøfta tiltak som er gjort, og om dei har hatt effekt eller ikkje. Videre drøftast eventuelle nye tiltak i samråd med barn/ungdom/føresette.
Slik vil ein jamleg få evaluert arbeidet i kvar enkelt sak, men også få diskusjon og vurdering rundt praksis i tenesta som heilskap. Ved å følgje BTI-rettleiaren kan tilsette og barn/unge/føresette gjere gode evalueringar på tenestenivå. Om dette skal føre til utvikling og endring, må dei tilsette vere lydhøyre og ta med seg innspel og tilbakemeldingar i det vidare arbeidet.