Her finn du oversikt over metodar, rutinar og informasjon om korleis alle tilsette i Sunnfjord kommune jobbar med å oppdage og følgje opp barn og unge som av ulike årsaker treng hjelp, støtte og merksemd i kortare eller lengre periodar av livet sitt.
- Det kan for eksempel vere utfordringar knytt til fysisk eller psykisk helse, utfordringar i barnehage- og skulemiljø, lærevanskar, språkutfordringar, familieforhold eller skulefråvær. Utfordringane kan vere medfødt, men kan også utvikle seg på grunn av faktorar i familien eller miljøet rundt. Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd ein individuell plan.
Tilsette
treng gode rutiner, verktøy og kompetanse knytt til å oppdage barn og unge som treng hjelp og støtte, til å iverksetje tiltak, følgje opp og samhandle kring barn, unge og føresette.
- I Sunnfjord kommune er det vedteke at tilsette i møte med barn, unge og familiar skal jobbe etter BTI - Betre Tverrfagleg Innsats, for å sikre at barn og unge får rett hjelp til rett tid. Hensikta med BTI er å kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats, uten at det blir brot i oppfølginga. BTI beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene og viser vegen frå oppdaging til handling.
Involvering av barn, unge og føresette er heilt sentralt. Dette er nedfelt i Grunnlova § 104 og Barnekonvensjonen § 12 at alle barn og unge har rett til å seie meininga si og bli høyrde i alt som handlar om dei. Dette kallar vi for
medverknad. Kommunen og tenestene har eit særleg ansvar for å sikre medverknad frå barn og unge.