Tilbake

Medverknad

Barn og unge har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere barn og unge. Medverknad er ein lovfesta rett, og er dermed ikkje noko tenestene kan velge å forholde seg til eller ikkje.

Medverknad skjer i dei samanhengar der barn, unge og føresette er i dialog med fagpersonar om forhold knytt til eigne behov. For at medverknaden skal vere reell må den det gjeld vere informert om sine rettar. Den det gjeld skal bli sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjersle som gjeld han eller hennar utfordring.

Medverknad og involvering av barn og unge skjer gjennom

  • Utviklingssamtalar
  • Elevsamtalar
  • Foreldresamtalar
  • Helsesamtalar
  • Samtale med helsesjukepleiar
  • Samarbeidsmøter
  • Ansvarsgruppemøter
  • BTI-rettleiar: sikrar tidleg involvering av føresette og at barn/unge si stemme alltid følgjer prosessen om seg sjølv
  • Elevråd
  • Ungdomsråd

Barn og unge sin rett til medverknad

I FNs barnekonvensjon står det at barn har rett til å seie si meining i alt som vedkjem barnet og at barnet sine meiningar skal tilleggast vekt. Norge har signert barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov.

Før føresette eller andre treff ei avgjerd om personlege forhold for barnet, har barnet rett til å få informasjon og moglegheit til å bli høyrt.

Barnets beste skal vere eit grunnleggjande hensyn ved alle handlingar frå det offentlege som gjeld barn og unge. Kva som er barnets beste i den enkelte sak, skal avgjerast etter ei konkret heilskapsvurdering. Det er lovfesta at barn og unge si meining skal bli tillagt vekt i vurderinga. Dette følgjer av Grunnlova § 104, barnekonvensjonen artikkel 3 og 12 og i fleire av velferdstenestelovene. Det følgjer også av FN-konvensjonen om rettigheiter til menneske med nedsett funksjonsevne (CRDP) artikkel 7.

  • Medverknad betyr i praksis å kunne vere med å påverke innhaldet i eigen livssituasjon, bli sett, høyrd, lytta til og ha høve til å velje og påverke eigen kvardag.
  • Retten til å bli høyrt betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta og uttale seg når noko skal bestemmast.

Samtykke og medbestemming

Samtykke

  • Barn under 12 år: Føresette har samtykkekompetanse på vegne av barnet.
  • Barn mellom 12 og 16 år: Barnet/ungdommens meiningar skal tilleggast vekt. Barnet/ungdommen har samtykkekompetanse når det gjeld helsehjelp for forhold som føresette ikkje er informert om og når tiltakets art tilseier det.
  • Ungdommar mellom 16 og 18 år: Ungdom har rett til å samtykke sjølv.

Barnelova (§ 31) seier at til eldre barnet er, til meir må dei vaksne ta omsyn til barnet si meining når det takast avgjerelsar for barnet

  • Eit barn som har fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og anledning til å seie meininga sin før det blir tatt avgjersle om personlege forhold for barnet.
  • Meninga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning.
  • Når barnet er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner

Barnevernslova (§ 1-4) omtalar barns rett til medverknad:

  • Eit barn som er i stand til å danne seg eigne meiningar, har rett til å medverke, i alle forhold som vedkjem barnet etter denne lova.
  • Barn har rett til å uttale seg til barnevernet uavhengig av foreldre sitt samtykke og utan at føresette informerast om samtalen på førehand.
  • Barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til fritt å gje uttrykk for sine meiningar. Barnet skal bli lytta til, og barnet sine meiningar skal leggjast vekt på i samsvar med alder og modning.
  • Barn skal informerast om kva opplysningar frå barnet kan brukast til, og kven som kan få innsyn i desse opplysningane. Barnet har rett til å uttale seg før det vert bestemt at opplysningane skal delast, og barnet sitt syn skal leggjast vekt på i samsvar med alder og modning.
  • Eit barn kan i møte med barnevernet få anledning til å ha med seg ein person som barnet har særleg tillit til.