Tilbake

BTI – Betre Tverrfagleg Innsats

For at alle barn og unge skal få den oppfølginga og hjelpa dei treng i eit tett samarbeid mellom familien og kommunen, jobbar tilsette etter BTI.

BTI skal sørge for at eventuelle hjelpebehov blir oppdaga og at riktige tiltak vert sett i verk så tidleg som mogleg. Barnets beste skal alltid vere i fokus. Har barnet/ungdommen behov for hjelp frå fleire tenester, skal tenestene jobbe saman og tilby heilskapleg innsats.

Her kan du sjå ein informasjonsfilm om BTI Sunnfjord.

Figur: Illustrasjon av BTI-modellen, innsats på ulike nivå.

BTI-rettleiar

Fagpersonar som jobbar med barn og unge treng kunnskap om korleis ein skal gå fram når ein oppdagar at eit barn eller ein ungdom treng hjelp og/eller støtte.

BTI rettleiaren gir tilsette informasjon, verktøy og hjelp for å sikre rett framgangsmåte i situasjonen dei står i. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane vi skal nytte oss av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenester. Når ein tilsett oppdagar eit barn eller ein ungdom som treng hjelp og/eller støtte, startar arbeidet på lågast mogleg bistandsnivå.

Du er første steg mot ei løysing. Som medmenneske skal vi bry oss og ta tak i ei undring eller uro ein kjenner på. Kommunalt tilsette pliktar å gjere det. Vi skal ikkje vente og sjå.

Figur: Illustrasjon av digital BTI-rettleiar. 

Kvifor BTI?

BTI sikrar at barnehage, skule, helsestasjon og andre kommunale tenester som møter barn og unge til dagleg, har eit lett tilgjengeleg verktøy som skildrar i steg og nivå kva handlingar som skal gjerast når ein oppdagar at eit barn eller ein ungdom treng hjelp og/eller støtte.

  • Ved at alle tilsette jobbar etter ein handlingsrettleiar (BTI-rettleiaren) ynskjer vi å sikre lik praksis og godt samarbeid, samt unngå at familiar vi er i kontakt med skal oppleve at dei vert sendt mellom ulike tenester i kommunen.
  • BTI skal sikre at oppfølging av barn, unge og familiar som strevar er systematisk, evaluerande og i tett samarbeid med den det gjeld.

BTI bidreg til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering/medverknad.

  • Tidleg innsats handlar både om å oppdage vanskar i tidleg alder, men også å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling.
  • Samordna tenester  handlar om å betre samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester (helsestasjon, skule, barnehage) og hjelpetenester (f.eks. PPT, helsetenester) i fellesskap skal hjelpe barn, unge og familiar gjennom utfordringar/vanskar.  Med ein klar struktur bidreg BTI til ei styrka samhandling, både med den det gjeld, men også mellom tenester.
  • Foreldreinvolvering/medverknad handlar om at BTI baserar seg på at føresette i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga på ei utfordring/vanske. Det vert derfor lagt stor vekt på at kommunale tenester skal samhandle med barn, unge og føresette gjennom hjelpeprosessen, og at den/dei det gjeld skal bli involvert på eit tidleg tidspunkt etter at tilsette har oppdaga behov for hjelp og oppfølging.

Korleis bruke BTI?

  • Dersom tilsette oppdagar eit barn som treng hjelp og/eller støtte skal tilsette som hovudregel følgje BTI-rettleiaren. Målsettinga er at tilsette ser og handlar så tidleg som mogleg, alltid med tanke på barns beste.
  • Det er grunnleggjande viktig at barn, unge og føresette blir involvert på eit tidleg tidspunkt. Ved all oppfølging er medverknad og samarbeid med barnet / ungdommen og føresette ein viktig føresetnad for å få til gode løysingar. Unntaket er ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. Då skal barnevernet og/eller politi kontaktast direkte.
  • Når ein tilsett har kontakt med eit barn/ungdom/familie og ser behov for å samarbeide med andre tenester, skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld.

Les meir: Korleis nytte rettleiaren

Kva består BTI av?

  • BTI-rettleiar som viser korleis tilsette steg for steg skal gå fram frå oppdaging til handling (både innanfor eiga teneste og mellom tenester).
  • Eit koordineringsansvar, ei teneste (stafetthaldar) som har ansvar for å koordinere samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk plan (stafettlogg)
  • Ulike verktøy, for eksempel samtykkeskjema, malar, tips/ råd til samtalar med barn og unge, handbøker.
  • Tilsette sin kompetanse, både om BTI og det faglege innhaldet i arbeidet med tidleg innsats, samordning og medverknad.