Kultursektoren har ei sentral rolle i arbeidet med utjamning av sosial ulikskap. Gjennom deltaking i kulturaktivitetar kan interesser utviklast og sosiale nettverk byggjast. Det same gjeld aktiv deltaking i frivillig sektor.
Dette vil bidra til å styrke den enkelte til å leve eit godt og meiningsfullt liv. Alle barn treng å oppleve at dei er viktige og likeverdige med andre. Barn skal kunne delta i samfunnslivet på måtar som utviklar dei, og som styrka opplevinga av å høyre til. Fritidsaktivitetar er ein viktig del av kvardagen til barn. Kollektive kunst- og kulturtilbod kan styrke fellesskapskjensla og hindre utenforskap, samt bringe folk saman på tross av forskjellar.
FN sin barnekonvensjon er den første rettslege bindande menneskerettskonvensjonen som uttrykkeleg anerkjenner barn sin rett til å delta i fritidsaktivitetar.
Det er mange aktivitetar i Sunnfjord kommune. I ein gratis, digital aktivitetskalendar, Friskus Sunnfjord, kan du sjå kva som skjer. Den kan og nyttast av alle som tilbyr aktivitetar i Sunnfjord. Sjå aktivitetskalendaren.
Fritidskort for barn i Sunnfjord kommune
Fritidskortet er eit tilbod til born og unge i låginntektsfamiliar med bustadadresse i Sunnfjord kommune. Kvart barn kan få ein gratis fritidsaktivitet kvart år.
Ungdomsklubbar i Sunnfjord
Ungdomsklubb er ein rusfri møteplass for unge som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Det er to kommunalt drifta ungdomsklubbar i Sunnfjord, ein i Førde (LØA) og ein i Naustdal. Her vert det jobba for å skape trygge, opne, rusfrie og inkluderande møteplassar for ungdom i kommunen. Ungdomsklubbane er politisk uavhengige og religiøst nøytrale, og medlem av ungdom og fritid.
Tilbodet er gratis.
Grill n`chill
I skuleferiar og på enkeltkveldar vert det arrangert Grill`n Chill. for ungdom i alderen 15 – 19 år. Målet er at ungdommar skal få ha ei god fritid, vere saman med andre og starte nye vennskap. Nokre aktivitetar er opne utan påmelding, medan andre har avgrensa plassar der ein må melde seg på.
Informasjon og påmelding skjer gjennom aktivitetskalendaren Friskus Sunnfjord.
Sunnfjord kulturskule
“Kulturskulen i Sunnfjord kommune er eit lovfesta, kommunalt tilbod. Vi har sett oss som mål å vere ein “kulturskule for alle”. I løpet av eit kulturskuleår produserar vi eigne framsyningar, konsertar og utstillingar. Vi har tett samarbeid med skule og barnehage om å skape gode oppvekstvilkår. I tillegg er vi ein viktig leverandør av tenester til frivillig og profesjonelt kulturliv.”