Tilbake

Samhandling med barn og unge

I arbeid med barn og unge er samhandling og medverknad ein naturleg del av utforminga av det enkelte tilbodet. Samhandling med barn, unge og føresette inneber at tenesta og familien samarbeider og at tilbodet vert tilpassa barnet/ungdommen og familien ut frå deira behov.

Barn/ungdom, føresette og tenesta(er) som er involvert deltek aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Unntak ved mistanke om vald og overgrep, då kontaktar tenester barnevernet og/eller politi direkte.

Samarbeidsplikta for velferdstenestene er nedfelt i fleire lover, “Samarbeid på individnivå”. Den enkelte velferdsteneste har plikt til å vurdere om samarbeid er nødvendig for å gje barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, og det er kommunen som har det overordna ansvaret for at velferdstenestene oppfyller samarbeidsplikta.

Samhandling helsestasjon, barnehage, skule

Foreldresamtale i barnehagen
Føresette får tilbod om samtalar både hausten og våren i barnehagen. Her er det fokus på informasjonsutveksling og samarbeid om barnets trivsel og utvikling.

Utviklingssamtale i skulen
Føresette har minst to gongar i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren sin. Samtalen skal klargjere korleis elev, skule og føresette skal samarbeide om læring og utvikling til eleven. Eleven er med på ein av samtalane med føresette. Når eleven er fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen.

Helsesamtale
Alle barn og unge får tilbod om helsesamtale på 1.trinn og 8.trinn. Helsesamtalen skal bidra til ein dialog om trivsel, vanar og val som påverkar helsa. Gjennom helsesamtalar kartleggast eventuelle behov, utfordringar og ressursar. Ved behov skal det tilbys oppfølgande samtalar, sørge for støttetilbod/tiltak, tilvise til kommunale psykiske helsetenester, vise til og gje nødvendig informasjon om hjelpetiltak frå andre instansar.

BTI bidreg til styrka samhandling

både med barn/ungdom og føresette, og mellom tenester slik at det vert jobba målretta, effektivt og heilskapleg, og utan at det oppstår brot i oppfølginga.

Samhandlingstrappa, som er illustrert under, syner korleis vi samhandlar på dei ulike nivåa i BTI-rettleiaren:

  • Nivå 0: Samhandling med barn/ungdom, tidleg foreldreinvolvering
  • Nivå 1: Samhandling mellom ei teneste og føresette, barn/ungdom
  • Nivå 2: Tverrfagleg samhandling mellom to tenester og føresette, barn/ungdom
  • Nivå 3: Tverrfagleg samhandling mellom fleire tenester og føresette, barn/ungdom

Ved deling av informasjon og tverrfagleg samarbeid skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld. Sunnfjord kommune har utarbeidd eit samtykkeskjema for tverrfagleg samhandling som kan nyttast av kommunale tenester når det er behov for deling av informasjon og tverrfagleg samarbeid. Les meir om teieplikt, samtykke og anonyme drøftingar.

Koordineringsansvar / Stafettlogg

Dei ulike nivåa i BTI er bunde saman av brikka som strekk seg mellom nivåa. Den symbolisera koordineringsansvaret som skal sikre at det ikkje vert brot i oppfølginga.

Barn og unge som treng hjelp og oppfølging frå barnehage, skule, helsestasjon eller andre kommunale tenester skal få tilbod om stafettlogg. Dette er ein elektronisk plan og eit samhandlingsverktøy for målretta oppfølging og evaluering av tiltak rundt barn og unge i kommunen. Safettloggen følgjer barnet/ungdommen gjennom barnehage- og skuleløpet, dersom den ikkje eksplisitt vert avslutta.

Stafettloggen vert anbefalt å opprette på BTI nivå 1, der eininga samarbeidar med barn, unge og føresette om tiltak og oppfølging. Stafettloggen følgjer dermed barnet/ungdommen i hjelpeprosessen og eventuelt vidare til eit tverrfagleg samarbeid, dersom det vert behov for å invitere inn andre fagpersonar / tenester for å skape gode løysingar på utfordringa. Fagpersonen(ane) vert invitert inn i stafettloggen etter samtykke frå den det gjeld. BTI nivå 2 og nivå 3 beskriv det tverrfaglege samarbeidet.

Målet er at barn, unge og føresette skal oppleve å få rett hjelp til rett tid, og eit godt koordinert og samordna tilbod når det er behov for det. Stafettloggen

  • er eit viktig verktøy for kommunikasjon og samhandling mellom familien og involverte teneste(r)
  • sikrar invidiuell oppfølging av barn, unge og gravide
  • sikrar gode overgangar for barn og unge
  • gir oversikt over kva tenester som til ei kvar tid er involvert, og kva oppgåver og ansvar dei har
  • sikrar dokumentasjon av det som skal gjerast og det som er gjort
  • erstattar ikkje fagsystem eller dokumentasjonskrav som følgjer av eigen profesjon (eks. helsepersonell)
  • utarbeidast alltid saman med den det gjeld

I verktøykassa til BTI ligg eit informasjonsark om stafettloggen som kan nyttast både internt, men også som informasjon til føresette. Her finn du m.a. informasjon om kva tilfelle ein stafettlogg vert oppretta, når ein stafettlogg blir avslutta, forskjellen mellom ein stafettlogg og individuell plan og korleis du får tilgang til den elektroniske stafettloggen.

Ved oppfølging innanfor ei eining (BTI nivå 1), eller i eit enkelt samarbeid mellom to tenester (BTI nivå 2), er det oftast den som er tettast på barnet, ungdommen, føresette eller den gravide i kvardagen som er koordineringsansvarleg, også kalla stafetthaldar. Det kan vere helsesjukepleiar for barn i barnehagealder, pedagogar/styrar i barnehagen, kontaktlærar/rektor på skulen eller jordmor om det gjeld gravide. Ved endringar i utfordringsbildet eller ved overgang til nytt nivå i BTI skal det avklarast med den det gjeld kven som skal vere stafetthaldar.

Individuell plan, koordinator og barnekoordinator

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidd individuell plan (IP). IP er eit verktøy og ein strukturert samarbeidsprosess, med grunnlag i barnet/ungdommen/familien sine ynskjer, mål og moglegheiter. Les meir om individuell plan i nasjonal rettleiar. 

Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre naudsynt oppfølging og samordning av tenestetilbodet kring brukaren, samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Sunnfjord kommune har utarbeidd ei handbok for koordinatorar.

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator. Barnekoordinatorrolla er under utarbeiding i vår kommune.

Det er tildelingseininga som behandlar søknadar og har vedtaksmynde. Søknad om helse- og omsorgstenester kan gjerast digitalt eller i papirutgåve. Dersom søknad ikkje er utfylt av søkjar må det fyllast ut eit fullmaktskjema.

Forskjellen mellom samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte

I samhandling med barn/ungdom, føresette og eventuelle involverte tenester nyttar kommunen to ulike møteformer, samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte.

Samarbeidsmøte er ein møteform som vert nytta når det er behov for samarbeid og samhandling i tråd med BTI-rettleiaren. Samarbeidsmøte er eit møte mellom familien og hjelparar som er involvert. Føremålet med møtet er å koordinere tiltak som er sett i verk i samarbeid med familien, og eventuelt koordinere tverrfagleg innsats dersom fleire tenester er involvert rundt barnet/ungdommen.

  • For barn og unge med behov for oppfølging og evaluering av tiltak.
  • Ansvar for koordinering: stafetthaldar, oftast den som er tettast på barnet i kvardagen.
  • Føresette og ungdom deltek i samarbeidsmøta, saman med aktuelle teneste(r).
  • Stafettloggen er eit sentralt samhandlingsverktøy i samarbeidsmøta. Her vert mål og tiltak rundt barnet/ungdommen utarbeidd og evaluert. Innkalling til, og møtereferat frå samarbeidsmøta blir også dokumentert i stafettloggen.
  • På BTI nivå 3 bør det vurderast om barnet har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og ein rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP). Her vert føresette, barn/ungdom involvert i den vidare prosessen og ev. bistand med søknad til tildelingseininga.

Ansvarsgruppemøte er ein meir formalisert form for samarbeidsmøte, og er ein møteform for barn og unge som har vedtak om individuell plan. For barn og unge med langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, skal kommunen tilby koordinator / barnekoordinator og individuell plan. Koordinator / barnekoordinator har eit særleg ansvar for å følgje opp og sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator kallar inn til ansvarsgruppemøte. Etter ynskje frå den det gjeld deltek aktuelle tenesteytarar på møta.

  • For barn og unge med vedtak om individuell plan og koordinator.
  • Ansvar for koordinering: koordinator / barnekoordinator.
  • Består av barnet/ungdommen, føresette og ulike fagpersonar som har kontakt med barnet/ungdommen/familien.
  • Individuell plan er verktøyet for ansvarsgruppa og skal bidra til at barnet/ungdommen får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Digitalt verktøy for samarbeid og samordning av tenester - Visma Flyt Samspill

Sunnfjord kommune nyttar Visma Flyt Samspill som felles digitalt samhandlingsverktøy, og vert nytta som plattform for samhandling på individnivå.

Flyt Samspill er eit samhandlingverktøy for både

  • stafettlogg
  • individuell plan

Stafettlogg og individuell plan samlar informasjon, mål, tiltak og ansvar på ein plass, og sikrar reell medverknad. Fagpersonar som har ei rolle rundt eit barn/ungdom får invitasjon og tilgang til stafettloggen eller den individuelle planen etter samtykke frå føresette. Flyt Samspill er eit godt verktøy i samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte, som sikrar systematikk i arbeidet med oppfølging og evaluering av tiltak og tenester.

Flyt Samspill er tilgjengeleg via internett og har sikker innlogging (BankID) og trygg behandling av personsensitiv informasjon. Her kan du logge på Visma Flyt Samspill.

Er du tilsett i Sunnfjord kommune og treng tilgang til å opprette stafettlogg eller individuell plan for eit barn eller ein ungdom? Treng du opplæring i Visma Flyt Samspill? Er du ny i koordinatorrolla og treng opplæring? Ta kontakt med Fagutvikling ved:

  • Turi Bruland
    e-post: turi.oddveig.bruland@sunnfjord.kommune.no, tlf: 57816131
  • Elisabeth Flo Kyrkjebø
    e-post: elisabeth.flo.kyrkjebo@sunnfjord.kommune.no, tlf: 57828774
  • Lillian Vassbotten
    e-post: lillian.vassbotten@sunnfjord.kommune.no, tlf: 57612750