Tilbake

Veiledningsplikt, oppmerksomheitsplikt og teieplikt

Meir informasjon om veiledningsplikt, oppmerksomheitsplikt og teieplikt finn du i nasjonal rettleiar frå Helsedirektoratet.

Veiledningsplikt

Alle velferdstenester har ei alminneleg veiledningsplikt innanfor sitt saksområde. Dette følgjer av forvaltningsloven § 11 første ledd. Føremålet med veiledninga skal vere å gje barn, unge og familiar adgang til å ta i vare sitt behov i bestemte saker på best mogleg måte.

I tillegg til den alminnelege veiledningsplikta etter forvaltningslova, er plikta spesifisert i enkelte sektorlover:

Oppmerksomheitsplikt

Plikt til å vere oppmerksom på behov for tiltak frå barnevernet
Einkvar som utfører tenester eller arbeid etter opplæringslova, barnehagelova, privatskulelova, krisesenterlova, integreringslova, i arbeids- og velferdsforvaltninga, er fagpersonell ved familievernkontor og den som yt helsehjelp har plikt til å være oppmerksom på forhold som kan føre til tiltak fra barnevernstenesta. For at personalet skal kunne oppfylle plikta til å vere oppmerksom, er dei ein føresetnad at dei har kunnskap om kva situasjonar som kan føre til tiltak frå barnevernet og kva situasjonar som er så alvorlege at plikta til å melde frå blir utløyst.

Oppmerksomheitsplikta gir i seg sjølv verken ein rett eller ei plikt for personalet til å gje opplysningar til barnevernet. Viss tenesta avdekkar eit behov som barnevernet bør vurdere, skal tenesta rettleie om tilbodet eller hjelpe familien med å ta kontakt. Dersom tenesta hjelp familien med å ta kontakt med barnevernet, må det ligge føre eit samtykke. Viss vilkåra for meldeplikt er til stade, har dei same tenestene ei plikt til å melde frå til barnevernet (bufdir.no). På Budfir sine sider finn du informasjon om korleis ein melder frå som privatperson, offentleg tilsett eller fagperson, kva som skjer når barnevernet får ei bekymringsmelding og korleis barnevernet kan hjelpe.

Du har meldeplikt etter barnevernslova § 13-2 viss du er offentleg tilsett eller utfører oppgåver for det offentlege, eller er yrkesutøvar med profesjonsbestemt teieplikt. Meldeplikta etter barnevernslova inneber eit personleg ansvar for å melde, og går føre lovfesta teieplikt. Du har plikt til å melde frå til barnevernet, utan ugrunna opphald når:

  • det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller utsett for annan alvorleg omsorgssvikt
  • det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling
  • det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet sitt for behandling eller opplæring
  • når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar ved å gjere seg skuldig i alvorlege eller gjentekne lovbrot, ved problematisk bruk av rusmiddel, eller ved å ha vist anna form for utprega normlaus åtferd
  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel

Du treng ikkje å vere sikker på at barnet er i ein situasjon som beskrive i barnevernslova § 13-2 første ledd, men det må liggje føre noko konkret som indikerer alvorlege manglar ved omsorgssituasjonen til barnet eller som tilseier at barnet har alvorlege åtferdsvanskar.

Meir informasjon om Sunnfjord barnevern. 

Plikt til å vere oppmerksom på behov for tiltak etter helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Alle som utføre tenester eller arbeid på skular skal vere oppmerksom på forhold som bør føre til tiltak frå kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga eller helse- og omsorgstenesta, jf. opplæringsloven § 15-4, og tilsvarende plikt gjeld for barnehagepersonale, jf. barnehageloven § 45.

Oppmerksomheit på behovet for hjelp frå andre tenester kan bidra til tidlegare innsats, og eit meir heilskapleg hjelpetilbod.

Teieplikt, samtykke og anonyme drøftingar

Teieplikt 

Alle som utfører tenester eller arbeid innanfor velferdstenestene har teieplikt. Samarbeidet, samordninga og barnekoordinators oppgåver skal gjennomførast innanfor gjeldande reglar om teieplikt. Velferdstenestene har forskjellige reglar for teieplikt, og det kan få betyding når dei skal samarbeide.

Reglane i forvaltningslova om teieplikt og unntaka fra teieplikta gjeld viss ikkje anna er bestemt i særlovene. NAV-loven § 7sosialtjenesteloven § 44, helse- og omsorgstjenesteloven § 12-1spesialisthelsetjenesteloven § 6-1, krisesenterloven § 5 og barnevernsloven § 13-1 har ei noko strengere teieplikt enn forvaltningslova.

Teiepliktige opplysningar kan i utgangspunktet berre delast med andre i situasjonar der det er uttrykkeleg fastsatt i lov at teieplikta ikkje skal gjelde eller dersom den som har krav på tausheit gir samtykke.

Samtykke

Ved deling av informasjon og tverrfagleg samarbeid skal det hentast inn samtykke frå den det gjeld. Sunnfjord kommune har utarbeidd eit samtykkeskjema for tverrfagleg samhandling som kan nyttast av kommunale tenester når det er behov for deling av informasjon og tverrfagleg samarbeid.

Ei samtykkeerklæring er eit viktig og nyttig verktøy for å kunne jobbe tverrfagleg og gje best mogleg oppfølging.

Teieplikt er ikkje til hinder for at opplysningar gjerast kjent for andre når den som har krav på tausheit gir samtykke. For at eit samtykke skal vere gyldig, må det vere informert, frivillig og skriftleg.

Krava til eit samtykke inneber at velferdstenestene ikkje kan presse eller pålegge ein person å samtykke, og at personen fritt skal velge å gje samtykke eller ikkje.  Det må vidare vere klart kva det blir samtykka til. Velferdstenestene må sørge for at den som samtykker har

  • fått informasjon om og forstått kva teneste(r) opplysningane blir henta frå
  • kva teneste(r) opplysningane kan bli gitt til
  • kva opplysningar som kan innhentast og/eller bli gitt vidare
  • føremålet med å gje opplysningane
  • konsekvensane av at opplysningane vert gitt

Eit samtykke kan når som helst trekkast attende. Det betyr at velferdstenesta ikkje lenger kan dele opplysningar.

Anonymisering 

Det er tillatt å dele anonyme opplysningar, og det å drøfte saker anonymt kan bidra til å ivareta samarbeidsplikta. Ei konkret sak kan anonymiserast ved at namn, adresse og andre individuelle kjenneteikn takast vekk. Opplysningane som delast må verken direkte eller indirekte kunne identifisere personen som har krav på teieplikt. I mindre lokalsamfunn og små tenesteeiningar må ein vere spesielt merksam på at ein person lettare kan identifiserast.