Kommune

Her finn du informasjon om kva planar, prioriteringar og rutinar Sunnfjord kommune har for arbeid med barn og unge. Planane skal støtte opp om tverrfagleg samarbeid og vise korleis arbeidet skal prioriterast over tid. Du finn også overordna lovverk som legg føringar for arbeidet. Dette inkludera den lovfesta retten til medverknad, og retten alle barn har til å seie si meining og bli høyrt i spørsmål som gjeld dei sjølve. I arbeidet med barn og unge, og i arbeidet med BTI, er det viktig at tilsette i kommunen gjer det vi har bestemt at vi skal. Kvalitet- og avvikssystemet er derfor eit sentralt verktøy. Her finn tilsette rutinar og prosedyrar, kan melde avvik og kome med forslag til forbetringar. Sunnfjord kommune har også lagt til rette for at innbyggjarane kan kome med tilbakemeldingar. Det kan du gjere her: e-dialog (sikker post og brev elektronisk).