Medverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betre kvaliteten på tenestene ved at barn, unge og føresette får reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet. Det inneber at tilbodet så langt som råd vert utforma i samarbeid med den/dei det gjeld, og at det vert lagt stor vekt på deira ynskjer og behov. Medverknad skal skje på alle nivå i samhandlingsmodellen.
På kommunalt nivå betyr medverknad at innbyggjarane skal ha moglegheit til å medverke i utarbeiding av overordna planar og prioriteringar i kommunen. Kommunen har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge.
Politiske råd og utval
Sunnfjord kommune har ulike politiske råd og utval som skal ta i vare ulike målgrupper sine interesser. Dei ulike råda er:
- Ungdomsrådet
Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ som skal medverke til at barn og unge vert sikra medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for dei. Ungdomsrådet delar ut tilskotsmidlar til aktivitet og tiltak for barn og ungdom. - Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Rådet skal arbeide for at menneske med nedsett funksjonsevne vert sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som gjeld for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet skal medverke til at menneske med nedsett funksjonsevne får tilgang til tenester og informasjon som er nødvendig for å kunne fungere best mogleg i kvardagen. - Eldrerådet
Eldrerådet skal bidra til at eldre i Sunnfjord får open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som gjeld for eldre. Rådet skal arbeide for å betre dei eldre sine levekår for å gi eldre ein trygg og innhaldsrik alderdom.
Les meir om kommunestyret, råd og utval på kommunen si heimeside: Politiske råd og utval.
Barn og unge sin representant
Sunnfjord kommune skal ha ein representant som skal ivareta barn og unge sine interesser i plan og byggesaker.
Kommunestyret skal etter § 3-3 tredje ledd i plan- og bygningslova sørge for å etablere ei særskilt ordning for å ta i vare interesser til barn og unge i planlegginga. Intensjonen bak ordninga er at denne funksjonen skal bidra til at interesser til barn og unge skal bli betre synleggjort og ivaretatt i all plan- og byggesakshandsaming etter denne lova. Den som innehar funksjonen, skal på eit tidleg tidspunkt få innsikt og rett til å uttale seg i dei delar av sakshandsaminga og planlegginga som gjeld barn og ungdom.
SLT-arbeidsgruppa, som består av SLT-koordinator, utekontakt, ungdomskoordinator og politikontakt, har funksjonen som barn og unge sin representant i Sunnfjord kommune.
Ungdataundersøkingar
Sunnfjord kommune har gjennomført ungdataundersøkingar. Kartlegginga og oppfølginga av denne er ein viktig medverknadsarena for barn og unge.