Kommunen er gjennom lovverk forplikta til å ha oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og kva som påverkar den. Kunnskap om helsetilstanden skal være utgangspunkt for all planlegging i kommunen, og legge føringar for tiltak kommunen set i verk.
Folkehelse
Kunnskap om folkehelse får vi gjennom oversikt over innbyggarane si helse og kva faktorar som påverkar oss. Det er lov om folkehelsearbeid, folkehelselova, som viser retning for arbeidet til kommunen.
Oversikt og informasjon om folkehelseoversikta, folkehelseprofilen og oppvekstprofilen for Sunnfjord kommune finn du på kommunen si heimeside: Folkehelse i Sunnfjord kommune.
- Folkehelseoversikt
Kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over helsetilstanden til befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på helsetilstaden. Plikta er forankra i folkehelselova. - Folkehelseprofil
Eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar den, jamfør folkehelselova. - Oppvekstprofil
Viser noko av kommunen sine styrkar og utfordringar, og blir brukt i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.
I Kommunehelsa statistikkbank ligg statistikk om helse, sjukdom, risikofaktorar og befolkinga i norske kommunar. Statistikkbanken kan blant anna gi viktig informasjon om kor mange barn og unge i kommunen som lever trangt eller i familiar med lavinntekt.
Meir informasjon finn du her: Kommunehelsa statistikkbank
Ungdata
Ungdata er ein barne- og ungdomsundersøking der elevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei driv med på fritida. Ungdata gir informasjon om korleis barn og unge opplever liva sine. Dette gir kommunen viktig kunnskap, og vert nytta i planarbeid og tiltaksutvikling.
Ungdata er også ein viktig medverknadsarena for barn og unge. Undersøkingane er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.
Du kan lese meir om den landsomfattande undersøkinga og finne rapportar for barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule i Sunnfjord kommune på Ungdata.no.
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Elevane svarar på spørsmål om blant anna trivsel, mobbing, miljø, motivasjon og støtte frå lærar. Svara brukast av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.
Elevane svarer anonymt, og det er strenge reglar for korleis resultata kan visast for å sikre at ingen kan gjenkjennast. Det er frivillig å delta, og elevane kan hoppe over spørsmål dei ikkje vil svare på. Resultata frå undersøkinga blir brukte til forsking og statistikk og kan finnast på udir.no. Foreldre kan også her finne meir informasjon om formålet med undersøkinga og korleis personopplysningane blir handsama.