Tilbake

Statlege føringar

Ei rekke lover, forskrifter og nasjonale retningslinjer regulerar og legg føringar for Sunnfjord kommune sitt tenestetilbod for barn og unge.

Sentrale lover, forskrifter og rundskriv

Sentrale lover 

  • Grunnlova § 104 
    Barn har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.

    Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.
     

    Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helse i sin eigen familie. 

  • Barnekonvensjonen – FNs konvensjon om barnets rettigheiter.
    Ein internasjonal avtale om barns rettigheiter, også kalla barna si eiga grunnlov. Konvensjonen gir alle barn og unge under 18 år rett til å ha ein trygg og god oppvekst, uansett kven dei er og kvar dei bur.
  • Kommunelova – Lov om kommuner og fylkeskommuner
  • Barnelova – Lov om barn og foreldre
  • Helse- og omsorgstjenestelova – Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Folkehelselova – Lov om folkehelsearbeid
  • Pasient- og brukerrettighetslova – Lov om pasient og brukarrettigheiter
  • Helsepersonellova – Lov om helsepersonell m.v.
  • Opplæringslova – Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa
  • Barnehagelova – Lov om barnehagar
  • Barnevernslova – Lov om barneverntjenester
  • Personopplysningslova – Lov om behandling av personopplysningar
  • Sosialtjenestelova – Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • NAV-lova – Lov om arbeids- og velferdsforvaltinga
  • Psykisk helsevernlova – Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern
  • Forvaltningslova – Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker

Forskrifter 

Ei forskrift er ei rettsleg bindande regulering som må ha heimel i lov.

Rundskriv 

Eit rundskriv er orientering frå departementet om korleis ein skal tolke lover og forskrifter.

Nasjonal faglege retningslinjer

Tidleg oppdaging av utsette barn og unge 

Nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging av utsette barn og unge  skildrar korleis kommunen si leiing skal sikre at tilsette som arbeider med barn og unge har kunnskap om beskyttelsesfaktorar-  og risikofaktorar, teikn og signal, slik at dei  tidleg kan identifisere barn og unge lever i ein risikosituasjon.

Målet med retningslinja er å styrke oppdaging- og handlingskompetansen hjå leiarar og tilsette i kommunen slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging. Retningslinja har ein allmenn innfallsvinkel, slik at den vil ivareta alle barn og unge med mål om å nå utsette barn og unge.

Andre nasjonal faglege retningslinjer:

Rettleiarar

Ein rettleiar omtalar og beskriv eit fagområde på eit generelt og overordna nivå. Ein rettleiar kan innehalde ei eller fleire retningslinjer for handtering av spesifikk problematikk innan eit fagområde.

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar vedtok Stortinget nye lovendringar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Endringane trådte i kraft 1. august 2022. Den nye nasjonale rettleiaren beskriv desse endringane, og blei publisert i september 2022. Føremålet med rettleiaren er å forklare dei nye føresegnene nærare, tydeleggjere ansvar og gje rettleiing på korleis ivareta desse pliktene. Målet er også at rettleiaren skal vere eit praktisk verktøy for implementering av dei nye eller endra føresegnene om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan.

Hensikta med den nasjonale rettleiaren er å gje anbefalingar om korleis eit heilskapleg og samordna psykisk helsearbeid for barn og unge, frå helsefremjande og førebyggande arbeid til oppfølging og behandling, kan oppnåast. Den er retta mot samarbeid på tvers av sektorar og nivå om barn og unges psykiske helse. Det er grenseoppgangar mellom denne rettleiaren og rettleiaren “Samarbeid om tjenester til barn, unge og deira familiar”, som omtaler velferdstenestene si plikt til samarbeid.

Andre sentrale rettleiarar: 

Sentrale kunnskapsrapportar, stortingsmeldingar, reformer og strategiar som legg føringar for den lokale innsatsen innanfor oppvekst

Kunnskapsrapportar

Stortingsmeldingar

Sentrale reformer / strategiar

  • Barnevernreform = Oppvekstreform
    Reforma skal bidra til å styrke det førebyggande arbeidet og tidleg innsats. Måla i reforma blir kun oppnådd gjennom endringar i heile oppvekstsektoren. Derfor blir barnevernreforma i tillegg omtalt som ei oppvekstreform. 
  • Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis 
    Kompetanseløftet skal vere eit varig kompetanseløft på det spesialpedagogiske feltet. Det skal bidra til at alle kommunar og fylkeskommunar har tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane for å kunne førebygge, fange opp og gje eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskilt tilrettelegging.
  • Trygge barn – Trygge foreldre. Regjeringens strategi for foreldrestøtte 2018-2021 (BLD)
    For regjeringa er det viktig at alle foreldre som treng det, får god informasjon og riktig hjelp. Kommunane er ansvarleg for dei fleste tenestene foreldre møter.
  • Tillitsreformen
    Samfunnsmålet for reforma er at innbyggjarane i heile landet skal få offentlege tenester med bedre kvalitet og til rett tid. Reforma vil derfor bidra til ei offentleg forvaltning som er godt rusta til å møte framtidige utfordringar, særleg i kriser og strammare budsjett. På den måten skal ein oppretthalde innbyggjarane sin høge forventningar til offentleg sektor.