Tenesteområda for barn og unge i Sunnfjord kommune har tverrsektorielle møtepunkt der barn, unge og deira familiar står i fokus.
For å gjere kommunen rusta til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng, er det viktig med god tverrsektoriell samhandling på eit overordna nivå. Her vert arbeidet med tidleg innsats, førebyggande arbeid og tverrfagleg samhandling forankra.
Sunnfjord kommune har fleire faste møtepunkt mellom politisk og administrativ leiing, og mellom einingsleiarane i kommunen.
Forum for oppvekst
Forum for oppvekst har tre møter i året. Faste deltakarar er kommunalsjefar for skule, barnehage, helse og sosial, kultur og idrett, og tilsette i Fagutvikling som jobbar inn mot barn og unge. Ved behov deltek kommuneoverlege.
Forum for oppvekst har det overordna ansvaret for kommunen sin førebyggande plan og samhandlingsmodellen «Saman om EIN god oppvekst».
- Forankring av arbeidet med tidleg innsats, førebyggande arbeid og tverrfagleg samhandling.
- Forankring av ei heilskapleg retning i kommunen sitt tverrfaglege arbeid, og at det tverrfaglege arbeidet vert prioritert blant alle tenester som jobbar med barn og unge.
Forum for oppvekst skal være eit styringsverktøy for kommunalsjefar med ansvarsområde innanfor barn og unge. Det skal bidra til samhandling, kunnskapsdeling, bygge felles verdiar, forventningar og forståing av korleis ein skal løyse oppgåver på tvers i Sunnfjord kommune.
Tverrfagleg møte mellom einingsleiarar for støttetenester og kommunalsjefar
Deltakarar er einingsleiarar for støttetenestene PPT, helsestasjon, barnevern og tildelingseininga, og kommunalsjefar for skule, barnehage, helse og sosial. Ein rektor og ein barnehagestyrar rullerar på å delta i foraet (1 år om gangen) for å sikre forankring av arbeidet i barnehage- og skulesektoren.
Møtefora skal
- samordne felles innsatsområde
- BTI
- TIBIR/PMTO
- felles prioriteringar, kompetanseheving, opplæring, koordinering av kurs/konferansar
- bidra til å løyse utfordringar og problemstillingar som krev samarbeid på tvers (individ- og systemnivå)
- samordne informasjon som skal ut på tvers av sektorane
- utarbeide og evaluere felles rutinar og prosedyrar for samarbeid og samordning av tenester
- avklaring/drøfting kring ressursbruk, ansvar- og oppgåvefordeling
Samordna Lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande Tiltak (SLT)
SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som alt finst hjå kommunen og politiet, blir meir samkøyrt og målretta. Arbeidet er forankra politisk og administrativt gjennom politirådet.
Målet er at barn og unge i Sunnfjord kommune skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. Modellen skal sørge for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar. Også næringsliv og frivillige organisasjonar høyrer med i dette nettverket.
Ungdomsråd og elevråd ved kommunen sine ungdomsskular og vidaregåande skular blir orientert om SLT arbeidet, og får høve til å komme med innspel.
Fortløpande evaluering av arbeidet blir gjort av dei ulike nivåa i SLT- modellen. SLT-arbeidet skal samordne og koordinere dei ulike tiltaka og bidra til kunnskapsutvikling, kunnskapsoverføring og informasjon.
Les meir om organisering av SLT her: SLT plan for Sunnfjord kommune.