Betre Tverrfagleg Innsats

Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) er ein samhandlingsmodell som skal hjelpe oss å sikre tidleg oppdaging og koordinert oppfølging av barn, unge og deira familiar på tvers av tenester og nivå. Ved å arbeide etter modellen, ynskjer vi å sikre lik praksis og godt samarbeid.

BTI er ei nasjonal satsing for å sikre tidleg innsats, samordning av tenester og medverknad. Modellen er lokalt tilpassa og viser både Sunnfjord kommune sin innsats på eit overordna nivå og ned til det praktiske daglege arbeidet for og med barn, unge og familiar.

Modellen består av

  • ein BTI-rettleiar som syner korleis ein går fram frå oppdaging til handling

Samhandlingsmodellen syner mellom anna korleis planar, rutiner, møtearenaer og tiltak på dei ulike nivåa i kommunen sikrar at utsette barn og unge får rett hjelp til rett tid.

I tillegg hjelp modellen Sunnfjord kommune i arbeidet med å

  • utvikle verktøya vi har for å oppdage og følgje opp barn, unge og familiar som har behov for hjelp
  • styrke det tverrfaglege samarbeidet på tvers av tenester og nivå
  • auke kunnskapen til tilsette i arbeidet med utsette barn
  • styrke medverknaden til barn, unge og føresette