Eining / Teneste

Her finn du informasjon om korleis tenestene arbeider og samarbeider til det beste for barn og unge i Sunnfjord kommune. Planar, rutinar og strukturar for å sikre medverknad, tverrfagleg samhandling, tidleg oppdaging og oppfølging av barn og unge. Barnehage, skule og helsestasjon følgjer opp alle barn og unge. Desse kallar vi for basistenester. I tillegg er det ei rekke tenester som kan hjelpe til og følgje opp ved behov. Desse kallast for hjelpetenester, og er mellom anna PPT, fastlege, fysio- og ergoterapi, barnevern, avlastinga. Einingsleiarar for dei ulike tenestene har ansvar for at det vert jobba systematisk med førebyggande tiltak, tidleg innsats og tverrfagleg samhandling. Tenester som følgjer opp foreldre og familiar er også viktige for barn og unge (eks. helse- og omsorgstenester, NAV). Å hjelpe føresette/familien med parforhold, økonomi, fysisk- og psykisk helse, avlasting eller praktisk støtte kan ha stor betyding for barn og unge. Vaksentenestene er også sentrale i å oppdage og sikre ivaretaking av barn og unge som pårørande til fysisk og/eller psykisk sjukdom.