Tilbake

Evaluering

Evaluering er ei systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagt, pågåande eller avslutta aktivitet. Evalueringar kan gjennomførast før eit tiltak vert iverksett, undervegs i gjennomføringa, eller etter at tiltaket er avslutta. Evaluering er viktig for læring, forbetring og utvikling.

Evaluering er eit viktig element i å bli betre på å oppdage, følgje opp og samarbeide om tenester til barn og unge. Både tilsette og innbyggjarar har ei viktig rolle i evalueringa.

Vi har følgjande system for evaluering:

  • Rettesnora – avvik og forbetringsforslag frå tilsette
  • Systematisk arbeid med evaluering gjennom BTI-rettleiaren
  • Tverrfaglege møter mellom einingane i kommunen
  • Brukarundersøkingar
  • Kompetanseplanar i tenestene
  • Risikovurderingar
  • Personalmøter

Systematisk evaluering i tenestene gjennom BTI-rettleiaren

Gjennom BTI-rettleiaren vil evaluering bli ein fast del av arbeidsoppgåvene i tenestene. Evaluering av tiltak i samarbeid med barn/ungdom og føresette er eit sentralt steg i BTI-rettleiaren:

Brukarundersøkingar

Brukarundersøkingar er eit viktig ledd i evalueringsarbeidet i Sunnfjord kommune.

Systematiske undersøkingar:

  • Ungdata undersøkinga
  • Elevundersøkinga (Udir)
  • Foreldreundersøking i skule og barnehage??