Korleis kommunen oppnår rett og oppdatert kompetanse for dei oppgåvene som skal løysast, og for at innbyggarane skal få gode og heilskaplege tenester.
Felles for alle tilsette som møter barn, unge, føresette og gravide
For å kunne samarbeide betre med barn, unge og føresette som treng hjelp og støtte – og med andre tenester, treng alle tilsette ein grunnleggande kompetanse.
Kompetansehevinga er eit leiaransvar og gjennomførast både i den enkelte teneste og på tverrfaglege møtearena for tenester som jobbar med barn og unge.
I Sunnfjord kommune ynskjer vi at alle tilsette har kunnskap og kompetanse om:
-
- Samhandlingsmodellen «Saman om EIN god oppvekst»
- BTI – Betre Tverrfagleg Innsats (handlingsrettleiar og verktøy)
- Tilbod og tenester for barn, unge, føresette og gravide i Sunnfjord kommune
- Identifisering av barn, unge, føresette og gravide som treng hjelp / støtte / oppfølging – BTI nivå 0
- Å snakke med barn, ungdom, føresette og gravide om det som er vanskeleg / utfordrande – BTI nivå 0
- Tverrfagleg samarbeid og samordning av tenester – BTI nivå 2 og 3
- Barn og unge sine rettar og vurdering av barnets beste
- Teieplikt og samtykke
- Korleis førebygge, avdekke og avverge vald og overgrep mot barn og unge
Det er utarbeidd ein ressursbank, som du kan finne på www.sunnfjord.betreinnsats.no (Kompetanse og opplæring)
Tidlig Inn
Sunnfjord kommune har gjennomgått opplæringsprogrammet Tidlig Inn av eit regionalt opplæringsteam, samansett av KoRus, RBUP/RKBU, RVTS og Bufetat.
Det ufødte barnet og små barn treng at nokon fanger dei opp når føresette strevar. Føremålet med Tidlig Inn er at gravide og småbarnsfamilier får kompetent hjelp tidleg på områda rus, psykisk helse og vald gjennom tverrfagleg samarbeid. Målgruppa får opplæring i kartleggingsverktøy og metodar for samtale om rus, psykisk helse og vald for å sikre ei forsvarleg teneste. Sjå nasjonal fagleg retningslinje for svangerskapsomsorg, helsestasjon og skolehelsetenesta og forskrift for helsestasjon- og skolehelsetjenesta.
Målgruppa er helsesjukepleiarar, jordmødre, fastlegar, deira leiiarar og andre kommunalt tilsette som i si teneste møter gravide og småbarnsforeldre
Helsesjukepleiarar, jordmødre deltek i rettleiingsgrupper leia av psykolog. Her kan ein drøfte saker både på system- og individnivå, og få rettleiing på korleis avdekke og følgje opp familiar som strevar.
TIBIR/PMTO
«Tidleg Innsats for Barn I Risiko» (TIBIR) er eit dokumentert og verksamt program for førebygging og behandling av åtferdsvanskar hjå barn i alderen 3-12 år. Målsetjinga er å førebygge, redusere og stoppe problemåtferd på eit så tidleg tidspunkt som mogleg ved å styrke kompetansen hjå føresette og tilsette. Det kan vere små eller større vanskar, t.d. «korleis møte avtalebrot?», «når barnet oppfører seg på ein uheldig måte» eller «når barnet sutrar, masar eller har ein sterk vilje – og tålmodet tek slutt».
Det er laga informasjonsmateriell om TIBIR/PMTO: Rettleiing føresette
I Sunnfjord kommune er målet at familiar i målgruppa skal få eit skreddarsydd tilbod, så tidleg som mogleg og på lågast mogleg nivå. I kommunen har vi denne kompetansen i Naustdal, Jølster og Førde. For innbyggjarar som bur i Gaular, kan dei få denne hjelpa i Førde. Det er tilsette i barnehagar, på helsestasjonen og i PPT som har kompetanse til å gje rettleiinga. Føresette kan sjølv ta kontakt med helsestasjonen, snakke med tilsette i barnehage eller skule for å få hjelpa og tiltaket sett i gang. Er ein usikker på om dette kan vere riktig hjelp kan ein be om eit uforpliktande møte for å drøfte om TIBIR/PMTO kan vere aktuelt.
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Denne satsinga er eit tiltak for leiarar og tilsette i skule, barnehage og PP-tenesta, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tettare på barna som har behov for slik hjelp.
Målet er at alle barn og unge opplever eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.
For å nå målsetjinga vil Sunnfjord kommune
- styrke spisskompetansen i støttetenestene som PPT, skulehelsetenesta og psykisk helseteneste barn og unge
- auke tilsette sin kompetanse i å avdekke vanskar på eit tidleg stadie
- auke fokus på tilpassa opplæring og tidleg innsats framfor spesialpedagogikk
Satsinga er eit partnarskap med UH-sektoren.
Kompetanseteam barnehage og skule
Kompetanseteamet for barnehage er eit team organisert under pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Sunnfjord kommune. Teamet rettleiar i endringsprosessar knytt til barnehagetilsette sine haldningar, kunnskapar og ferdigheiter. Rettleiinga kan skje både på individ- og systemnivå.
Kompetanseteamet for skule er eit team organisert under pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Sunnfjord kommune. Dette teamet er nyetablert og under oppbygging.
Førebygging av vald og overgrep
Alle tilsette i kommunale tenester som møter barn og unge skal ha kunnskap og kompetanse til å fange opp signal på at barn eller ungdom kan vere utsett for vald eller overgrep. Dei tilsette skal også ha kunnskap og tryggleik nok til å snakke med barnet om det dei ser, og kva dei er uroa for. Vidare skal dei tilsette vite korleis dei skal handtere slik informasjon, korleis dei skal ivareta barnet, og kven i kommunen dei skal kontakte om dei mistenkjer at barnet har blitt eller blir utsett for vald eller overgrep, og korleis dei skal reagere om dei har grunn til å tru at eit barn kan bli utsett for vald eller overgrep. Det er kommunen sitt ansvar å sørge for at alle tilsette som møter barn og unge har denne kompetansen. Les meir om dette i rettleiaren: Tidlig oppdagelse av utsatte barn og unge
Sunnfjord kommune deltek frå hausten 2023 i eit nettverk for førebygging av vald og overgrep. Målet er å bli betre på å beskytte, og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller blir utsett for vald og overgrep. Arrangør er Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med kompetansesentra på området. Kompetansen frå nettverksamlingane vil bli brukt i revideringa av «Handlingsplan mot vald i nære relasjonar».
Kunnskapsdeling mellom tenestene
Fleire av tenestene har etablert praksis for kunnskapsdeling, herunder oppdatering av einingane på relevant fagkunnskap, utveksling av informasjon om kvarandre sine tenester og oppgåver, felles kompetanseplanlegging, gjennomgang av interne rutinar, drøfting av saker på systemnivå og internkontroll.