Tilbake

Teneste- og tiltaksoversikt

Helsedirektoratet er tydeleg på at kommunane bør ha ei tilgjengeleg oversikt over det heilskaplege tilbodet til barn og unge med ulike utfordringar og deira familie. Dette er forankra i kommunelova § 4-1. Tilsette og befolkninga bør vite kva tilbod og tenester dei kan forvente å finne i eiga kommune. Oversikta bør vere tilgjengeleg, både digitalt, på tenesteplassar og på arena der barn og unge oppheld seg.

  • Tilsette får kunnskap til å handtere ei praktisk problemstilling dei står i.
  • Barn, unge og deira familie får informasjon og tilgang til det tilbodet dei har behov for.

Eit heilskapleg tilbod inkluderar helsefremjande og førebyggande tilbod, samt oppfølgande og behandlande tenester til barn, unge og deira familiar.

Eit minimum at felles kunnskap om kvarandre sine tenester på tvers av sektorar er viktig for å kunne førebygge og oppdage behov på eit tidleg tidspunkt. Kunnskap om kvarandre og tilgjengelege tiltak, kan bidra til at tenestene utviklar ein felles kultur og haldningar om korleis ein kan samarbeide.

Oversikt tiltak og tenester i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune jobbar med å utarbeide ei digital oversikt over tiltak og tenester:

www.sunnfjord.tiltaksoversikt.no

Denne oversikta skal vere lett tilgjengeleg for både innbyggjarar, samarbeidspartar og tilsette.