Tverrfagleg samarbeid er avgjerande for å sikre eit heilskapleg og samordna tenestetilbod til barn og unge. Offentlege instansar og andre tenesteytarar har plikt til å samarbeide når det er nødvendig for å gje barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
BTI (nivå 2 og 3) er både ein struktur og ei rutine for samarbeid og samordning av tenester. Strukturar og rutiner er nødvendig for å legge til rette for godt samarbeid i enkeltsaker. Rutiner med verkeområde på tvers av sektorar og verksemder kan bidra til felles forståing og praksis om felles ansvar.
Leiarar har eit særleg hovedansvar for å sikre rutiner som bidreg til godt samarbeid og samhandling.
Samarbeid og samordning av tenester
Frå 1.august 2022 trådte lovendringar i kraft i 14 ulike lovverk, med mål om å styrke samarbeid og samordning av tenester til barn og unge. Lovendringane inneber og ein lovfesta rett til barnekoordinator for enkelte familiar. Den nasjonale rettleiaren «Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier» (2022), forklarar og beskriv lovendringane som er relevante for samarbeid på tvers av tenester.
Samarbeid er når to eller fleire tenester jobbar saman for å gje barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Tverrfagleg samarbeid handlar om at personar med ulik fagbakgrunn jobbar saman.
Samordning handlar om det felles samarbeidet og framdrifta i arbeidet når kommunale basistenester (skule, barnehage, helsestasjon) og hjelpetenester (eks. PPT, barnevern, skulehelseteneste, psykisk helseteneste barn og unge) i fellesskap skal hjelpe barn, ungdom og/eller familiar gjennom utfordringar.
Les meir om konkrete rutiner for samarbeid på ulike nivå i BTI-rettleiaren under Tilsette / Barn og unge.
"Laget rundt barnet"
Tenester har ulike oppgåver og ansvar inn mot barn, ungdom og familiar. I Sunnfjord kommune har vi eit ansvar for å samordne tenestene slik at vi gir eit godt og heilskapleg tilbod når det er behov for det.
Fleire av utfordringane kan ofte ikkje løysast kvar for seg, men krev ein tidleg, samtidig og samordna innsats frå ulike sektorar, forvaltingsnivå, tenester og profesjonar.
«Laget rundt barnet» skal sikre at barn og unge får hjelpa dei treng, til rett tid. Arbeidsoppgåver blir fordelt slik at kvar teneste vert forplikta og ansvarleg for sin del av oppgåva for å oppnå eit felles mål.
Tverrfaglege møtearenaer
I Sunnfjord kommune er det etablert ulike arena for samarbeid og samhandling internt og på tvers av tenester. Teamstrukturen skal fremje tidleg innsats, godt samarbeid, samordning av tiltak og er tett knytt opp til nivåa i BTI-rettleiaren.
Ressursteam
I Sunnfjord kommune skal kvar skule og barnehage ha sitt eige ressursteam. Teamet er etablert på nivå 1 i BTI-rettleiaren, det vil sei at innsatsen skjer innanfor eiga eining i samarbeid med føresette, barn/ungdom. Ressursteamet skal sikre tidleg innsats, og ved behov etablere eit tverrfagleg samarbeid – sørge for at «laget rundt barnet» vert etablert. For skule og barnehage ligg rutine i Rettesnora.
Møte i ressursteam vert halde regelmessig i skule og barnehage. Faste deltakarar for:
- barnehage er leiing, spesialpedagog, pedagogisk leiar, PPT (helsestasjon vert kontakta ved behov for drøfting med helsesjukepleiar).
- skule er leiing, SFO-leiar, spesialpedagogisk ansvarleg, sosialleiar, rådgjevar, skulehelsetenesta, PPT
Ressursteam vurderar
- om det er behov for meir kartlegging for å belyse saka
- om det skal settast inn nye tiltak eller halde fram med eksisterande tiltak
- vurdere om det er behov for å etablere ein stafettlogg
- vurdere om det er behov for å kople på andre fagpersonar/instansar
Ved behov for ei breiare tverrfagleg vurdering kan ressursteamet invitere inn andre kommunale tenester til drøfting av hjelpebehovet (med samtykke).
Dersom ressursteam/eininga ikkje klarar å løyse utfordringane i samarbeid med føresette, barn/ungdom, vert saka tilvist der det er føremålstenleg (t.d. ppt, helsetenester, barnevern, koordinerande team). Gå til BTI nivå 2 eller 3.
Tverrfagleg team
Tverrfagleg team er eit fast møtefora mellom sentrale kommunale støttetenester og spesialisthelsetenesta (BUP).
Teamet er etablert på BTI nivå 2 og 3, noko som betyr at ressursteam i skule, barnehage eller andre relevante einingar, først skal ha arbeidd med tiltak på BTI nivå 0 og 1 over ei periode. Dette arbeidet skal skje i samarbeid med barnet/ungdommen, føresette og eventuelle samarbeidspartar for å forsøke å løyse utfordringar på tidlegast mogleg innsatsnivå.
Tverrfagleg team vert halde kvar 3.veke. Faste deltakarar er
- helsestasjon 0-5
- skulehelsetenesta
- barn, unge og familiestøtte (BUFA)
- PPT
- barnevern
- lege
- BUP
- Barnekoordinator
Målet er å styrke det tverrfaglege samarbeidet mellom kommunen og spesialisthelsetenesta, samt internt i kommunen. Teamet skal
- sikre rett hjelp på rett nivå
- sikre tverrfagleg oppfølging i individuelle saker
- bidra til raskare og betre tilvisingar til spesialisthelsetenesta
- sikre at barn og unge får nødvendig oppfølging i kommunen etter avslutta behandling/utgreiing i spesialisthelsetenesta
Drøfting i tverrfagleg team er basert på samtykke frå føresette, og ungdom over 16 år. Dersom samtykke ikkje blir gitt, men tenesta har behov for å ei breiare tverrfagleg vurdering av korleis ein best kan arbeide rundt barnet/ungdommen/familien, kan saka løftast inn for anonym drøfting.
Barnekoordinator har eit særskilt ansvar for å sikre at kommunen oppfyller samordningsplikta. Ved usemje eller uklarheit om kven som skal ha koordineringsansvaret, har barnekoordinator ei sentral rolle i å sikre nødvendig avklaring.
Koordinerande team for barn og unge
Kommunen skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabiliteringsverksemd, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 7-3.
Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett til individuell plan (IP) og personleg koordinator eller barnekoordinator. Det er tildelingseininga som behandlar søknadar om individuell plan og har vedtaksmynde.
Koordinerande eining skal ha eit overordna ansvar for arbeid med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator og barnekoordinator. I Sunnfjord kommune er koordinerande eining organisert i to team, eit for barn og unge (0-21 år) og eit for vaksne (22 år og eldre). Fagutvikling har det overordna ansvaret for begge teama.
Koordinerande team for barn og unge har månadlege møte og er tverrfagleg samansett av representantar frå tildeling, helsestasjon, legetenesta, PPT, fysio- og ergoterapi, bu- og avlasting, barnevern og fagutvikling.
På nivå 3 i BTI-rettleiaren skal einingar vurdere om barnet / ungdommen har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og rett til å få utarbeidd individuell plan.
Tverrsektorielle møteplassar
Deling av kunnskap føreset at leiarar legg til rette for at tilsette har felles møteplassar. Tverrsektorielle møter der tilsette kan dele erfaringar og kunnskap kan bidra til at tilsette byggjer felles kompetanse og forståing. Dette kan ha positiv effekt i form av å styrke kollegafellesskap og styrka kvalitet i tenesteytinga.
I Sunnfjord kommune gjer vi dette gjennom fagdagar på tvers av sektorar for felles kompetanseheving, deling av kunnskap, informasjon om korleis tenestene jobbar for å auke kjennskapen til kvarandre sine tenesteområder og kven som jobbar der.